Jernbanemagasinet banner
Møte med

Hoffpoeten

Ingeniøren og pressetalsmannen har vore både hoffpoeten og nynorskalibiet. Snart går Inge Hjertaas av med pensjon.

"Det er rørande å sjå kva Bergensbanen betyr for folk langs banen." Foto: Odd Mehus

Kommunikasjonssjefen
for Bergensbanen og Flåmsbana har bakgrunn som baneingeniør, teknisk sjef og trafikksjef. Han opna forfattarkarrieren i 2005 med eit humoristisk punktum på Jernbaneverket sin seriøse kommentar til statsbudsjettet. «Årets morsomste budsjettkommentar» i Teknisk Ukeblad si kåring, to år på rad. Inge Hjertaas var med eitt Jernbanedirektøren sin hoffpoet, og etaten sitt nynorskalibi. Berre eitt manuskript er levert på bokmål; Elisabeth Enger sin julebordtale.
    Interessa for revy og skriving vart vekt av kona Randi. Ho kom frå ein jernbanefamilie på Selsbakk i Trondheim. Faren var jernbanemann. Det var også tre av fire onklar på morsida, og ein på farsida. Også Randi var tilsett på jernbanen. Inge sin første fribillett gjekk på hennar kvote. Seinare har ho vore kulturarbeidar i Os, og leiar av Os Bygdakunstlag. Det vart revy, barneteater og andre aktivitetar med kulturhuset Fjellheim som base. Der var det også rift etter jernbaneskalden sine evner som aktør og forfattar av songtekstar og sketsjar.

Eg trur det er lettare å halde stramme ruter enn romslege.

INGE HJERTAAS, Kommunikasjonssjef

Akkar og jubileum
Hundreårsmarkeringa for Bergen stasjon i 2013 kolliderte brutalt med ei framsyning av folkeoperaen «Havfest» i Os, eit innslag i Festspillene i Bergen. Der hadde Inge Hjertaas i god tid lova å spela rolla som akkar (liten blekksprut) blant havfolket, slik han gjorde då Os i 2011 fekk nytt, stort kulturhus, Oseana. Sidan han hadde regien på Bergen stasjon, la han inn ein pause mellom ordførar Trude Drevland sine flagrande gevantar, damplokomotiv og Rallaroperaen. Dermed kunne han køyra til Os, opptre i akkarkostyme, og attende i byen som nystrigla operatilhøyrar.
    Inge Hjertaas gløymer ikkje sitt første møte med jernbanehierarkiet. Familien på tre, eldste guten var komen til verda, fekk leiga stasjonsmeisterbustaden på Minde med tilhøyrande «pikeværelse». Men hushjelpa fylgde ikkje med.  Dei vart tilrådd å teikna innbuforsikring i Jernbanepersonalets Interessekontor. Han oppsøkte kontoret på Bergen stasjon, bar fram ærendet og sa han var nytilsett på banekontoret. Tilltsmannen ville vita om han var kontorassistent. Då han fekk høyra at den unge mannen var avdelingsingeniør, spratt han opp, bukka og sa «Å, unnskyld!».

MUSEUMSVAKTAREN: Rallarmuseet på Finse står Inge Hjertaas nær. Soga om storverket, bygginga av Bergensbanen, skal takast vare på. Etter 41 år på jernbanen er det òg mykje ein sjølv har brukt som no er avleggs. Foto: Odd Mehus

FAKTA

Inge Hjertaas | 67 år

Stilling: Kommunikasjonssjef

Tidlegare:
- Avd. ing. II frå 1975
- Baneingeniør 1978
- Teknisk sjef 1992
- Trafikksjef 2000
- Informasjonssjef 2004

Fødd: 1949 på Dale i Bruvik (no Vaksdal kommune)

Bur: Hagavik i Os ved Bergen

Sivilstand: Gift med Randi Far til Espen (42), Magnus (38) og Even (32) Alle busette i Os.

Tillitsverv: Mangeårig tillitsvald i Tekna. Leiar i Tekna NSB/JBV i tre år. Nokre år styremedlem i Tekna Stat.


3 kjappe

Kva er di største jernbaneoppleving?
Hundreårsjubileet for Bergensbanen i 2009, spesielt «signingsferda» med damplok og museumsvogner. Oslo - Bergen på fire dagar, med kulturspekka opphald på mange stasjonar. Rørande å sjå kva Bergensbanen betyr for folket langs banen.

Den mest dramatiske?  Å informera om ekspresstoget som tok fyr i snøoverbygget på Hallingskeid stasjon. 257 passasjerar vart evakuert uskadde.  

Det trivelegaste?  Eg disponerte eit krypinn på Finse. Opphalda der gjorde heile familien finsefrelst.

LETT I HUGEN: Alvor og gaman går ofte saman, sa Ivar Aasen. Det gjeld òg for Inge Hjertaas. Foto: Odd Mehus

Trivst på høgfjellet
Jobben som baneingeniør førte med seg seg mange oppgåver høgt til fjells, og her kunne også friluftsinteressa utfalda seg. Bergensbanen har i hans tid blitt både kortare og beinare. Nye tunnelar har erstatta krokete line med korte tunnelar. Togturen kunne vore 45 minutt raskare, men NSB vil heller ha punktlege tog enn kort reisetid.
    – Eg trur at det er lettare å halda stramme ruter enn romslege. Har ein knapp tid, er alle opptekne av å prestera. Togleiar, togekspeditørar, konduktørar og lokførar set alle si ære i å få toget av garde i rett tid, seier mannen med fartstid også som trafikksjef, sjef for togleiarane i Bergen.
    Ingeniørjobben omfatta også forhandlingar om ihelkøyrde sauer, skrot frå nedrivne snøoverbygg og sakshandsaming i miljøsaker. At Hjertaas tok ansvar for Rallarvegen, overraska ingen. I sommarhalvåret har han sykla han til og frå arbeid – tre mil kvar veg. Dei siste åra har han kompromissa; sykkel éin veg, buss den andre.  Han har utkastet til forvaltningsplan praktisk talt ferdig – til handsaming i Rallarvegrådet i mai.  Rallarvegen har status som kulturminne, spesielt frå Finse og vestover er verneverdien høg. Austanfor er vegen dessverre for mykje utbetra og endra.
    I stiftinga Rallarmuseet Finse, er Inge Hjertaas nestleiar i styret, der også Andreas Dreyer ved Norsk Jernbanemuseum på Hamar er med.
    – Seier du frå deg verva, no når du blir pensjonist og har tid til slikt?
    – Eg stiller dei til disposisjon. Det kunne vera kjekt å halda fram, men eg innser at det er fordel å ha med ein tilsett i Jernbaneverket.
    Under oppveksten på Dale, kommunesenteret i Vaksdal, var han mest oppteken av fotball. Han var med på juniorlaget til Dale IL som vart kretsmeister i 1966. Dei tjuvopna ny idrettsplass på Geitabakken til den avgjerande kampen. Som student spela han på NTHI, mellom anna mot Rosenborg-reservane. – Trenar George Curtis sat på tribunen. Men eg fekk ikkje noko tilbod, skjemtar han.
    Hjertaas-familien budde på Eikhaugen, tvers over elva for Dale Fabrikker og alle OL-gensarane. Eiketre var ikkje å sjå, men det skal ha vore beite for hest (øyk) her før. Øykhaugen kan ha blitt til Eikhaugen. Faren hadde bakeri og butikk i «Gatå» på Dale, hovedgata i sentrum, der banken nyss er nedlagt. I 1958 var det bilfritt. Berre doktoren hadde privatbil. I tillegg var det ei drosje, og to lastebilar tilhøyrande Fabrikken. Ein av dei hadde buffertar til å dytta jernbanevogner på industrisporet til og frå Dale stasjon. 
    Familiehytta på Stanghelle vart bygt før krigen og har tre tyske kulehol til minne om dramatikk. Hytte på Stanghelle var attraktivt for dalingar, før bustadbygginga der skaut fart på 1960- og 70-tallet. Då var det ikkje fleire hustomter på Dale. Tunnelmassar frå ny veg og jernbane kan gjera Stanghelle bymessig i framtida. Hjertaashytta ligg likevel gunstig til.
    Hjertaas flytta frå Bergen til Os i 1976, der dei seinare bygde hus i Hagavik. I tre år (2008–11) sat han som einsleg SV-svale i kommunestyret, etter opprykk frå vara. Det var inga enkel oppgåve sidan Terje Søviknes mangla berre eit Frp-mandat på reint fleirtal.
    – Legg jernbaneskalden ned pennen for godt?
    – Eg ser ikkje bort frå at nokon i Jernbaneverket kan ha notert telefonnummeret mitt.

UNGE ÅR: Studenten i den gamle stad oppteken med å ta vare på studentane sitt ry. Kven ville ha kjent att Inge Hjertaas frå dette biletet? Foto: Privat