Jernbanemagasinet banner
Møte med

Losar toget gjennom Ringerike

Ringeriksbanen er i siget att. Cecilie Bjørlykke (45) er kvinna som skal gjennomføra det ein har streva med i 156 år utan å få til.

Foto: Odd Mehus

Det er veldig spanande. Det er korte fristar og store spørsmål.

Foto: Odd Mehus

Blå-blå gjennomføringskraft har råka Åsegården i Bergen sentrum. På eitt av kontora i sjuande høgda skal prosjektleiaren produsera utgreiingar om Ringeriksbanen nesten like raskt som regjeringskontora skriv ut bestillingane på offisielt papir. – No kokar det her! Cecilie Bjørlykke er geograf med cand.polit-grad frå Universitetet i Bergen i 1994. Ho er gift med arkitekten Børje, og har dottera Mia (17) og sonen Brede (14). Ho har unt seg ein kveld med Herborg Kråkevik og andre Hellemyrsfolk på Den Nationale Scene. Det har ingen samanheng med at dottera har fått plass på den nye superskulen med namn etter forfattaren Amalie Skram. Kneoperasjonen etter handballkarrieren, på lavt nivå, presiserer ho, må venta til Ringeriksutgreiinga er unnagjort.

 

«Ekstra ferie er heilt uaktuelt no»
Cecilie Bjørlykke

Korridorval
– Blir det Ringeriksbane denne gongen?
  – Det har eg stor tru på. Mi rolle er å leia utgreiingsarbeidet før planlegging etter plan- og bygningslova skal startast opp. Vi er også bedne om å vurdere korleis planprosessen kan forenklast, for å kunne møte ambisjonane om tidleg byggjestart.
  Første delutgreiing vart levert til Samferdsledepartementet den 15. juni. Her har etatane sett på om og kor det er aktuelt med felles trase, og tilrådd at det vidare utgreiingsarbeidet vart gjort av etatane i fellesskap. I perioden frå juni til oktober har etatane utarbeida eit grunnlag for val av korridor; anten delt løysing med bane via Åsa, eller felles løysing for veg og bane over Kroksund.
  Ny bestilling til etatane kom frå departementet den 14. oktober. I siste del av utgreiingsarbeidet som skal gjerast fram til 31. januar 2015, skal etatane gjere ein silingsjobb for alle dei mogelege fellesløysingane over Kroksund.
  I løpet av januar skal Jernbaneverket og Statens vegvesen tilrå trasé for Ringeriksbanen og ny, firefelts E16 mellom Sundvollen og Hønefoss. – Som del av arbeidet skal vi også tilrå trase mellom Sundvollen og Sandvika. Her har vi tre hovudløysingar for banen. To av dei kan ha ein haldeplass rimeleg nær Bærum kommune sitt potensielle utbyggingsområde ved Bjørum. Her kan kommunen sin arealstrategi verta avgjerande.
  – Ingen superlange tunnelar altså?
  – Ingen tunnel treng vera meir enn 15 km, men tunnelar blir det rikeleg av. I Kroksund-alternativa går 65 prosent av strekninga i fjell, via Åsa heile 87 prosent.

USKADD: Landskapet i Hole må koma mest mogeleg uskadd frå det.

50 meter veg og bane
– Du opererer med fem «byggeklossar», og ein av dei er kryssinga av Kroksund. Det betyr vel at Åsa er ute?
  – Det betyr at kryssing av Kroksundet er eit kritisk punkt som vi har skaffa oss eit breidt grunnlag for å vurdere i første fase av utgreiingsarbeidet. Her har vi sett på løysingar for både felles og separate bruer, og nytta 3D verkty for å kunne ta estetiske og landskapsrelaterte omsyn.
  – Er det uaktuelt å bygga E16 via Åsa?
  – For vegen blir traseen om Åsa lengre, og mykje av trafikken vert att på dagens veg. Statens vegvesen har tidleg forkasta denne løysinga.
  – Kor brei korridor vil de så legga beslag på?
  – Traséen må vi koma attende til, men eit dobbelt jernbanespor treng 15 meter, og ein firefelts veg 23 meter. Med 12 meter sikringssone mellom, skulle det bli 50 meter. Men der vegen har avkøyringar, må han flyttast lengre unna jernbanen, så det blir plass til av- og påkøyringsvegar.

TUUUT! Cecilie og dokka er tøffare enn toget på kjelke gjennom Bymarka.

Vondt og spanande
Bergensaren Cecilie Bjørlykke er eigentleg trønder. Ho vart fødd medan foreldra studerte i Trondheim. Men dei flytta til Bergen før ho nådde skulepliktig alder. Det er ikkje ein snev av trøndedialekt å høyra. Ho er glad i å gå på ski og har drive ymse former for ballidrett, fram til menisken vart skadd på handballbanen. For fem år sidan vart ho intervjua av Christina Pletten i Bergens Tidende på foreldra si hytte i Lysefjorden, og uttalte at opplevingar også er ei investering. Difor hadde familien teke ut ekstra ferie utan løn for å vera saman med vener.
  – Ekstra ferie er heilt uaktuelt no. Vekene flyg og før 1. februar skal vi ha sila oss ned til eitt alternativ, kommenterer ho, og forsikrar om at samarbeidet med kollega Gert i Statens vegvesen er framifrå. Cecilie er inga novise i overordna planlegging. Ho har arbeidd sju år i Asplan Viak og like lenge i Norconsult før ho kom til Jernbaneverket.
  – Korleis trivst du her?
  – Dette er veldig spanande. Her er det korte fristar og store spørsmål. Akkurat no i innspurten er det naturleg nok både vondt og spanande.

FAKTA 

Cecilie Bjørlykke

Stilling: Prosjektleiar for Ringeriksbanen

Fødd: 1969

Bustad: Landås i Bergen

Sivilstand: Gift

3 KJAPPE

Går hektisk jobbing ut over privatlivet?
– Eg ville hatt ein kjedeleg jobb om den ikkje
av og til gjekk ut over fritida. På 1800-talet lovde
baron Wedel-Jarlsberg 1500 kroner til Ringeriksbanen.

Har du høyrt noko frå adelen?
– No er det den blå-blåe regjeringa vi høyrer frå.
Dei er også opptekne av alternativ finansiering.

Hamnar også din plan i den berømte skuffen?
– Nei, Ringeriksbanen er no ein del av InterCity-utbygginga,
og med i satsinga på eit kapasitetssterkt kollektivtrafikktilbod
til ein sterkt veksande befolkning.