Jernbanemagasinet banner
Min arbeidsdag

Gneg gråstein

«Tunnelboring er i alle fall betre enn sprenging»

Arbeidsdagen blir nok prega av møteverksemd. Det er vanskeleg å unngå. Men prosjektleiaren med fjellklatring som hobby, kler seg i gult og jernbaneblått, og tek på vernesko, hjelm og briller så snart høvet byr seg.
  – Eg likar å vera i forkant. Problem vil dukka opp, og dei skal taklast. Eg prøver å avverga situasjonar før dei oppstår. Det er kjekt å ha flinke folk rundt seg, og det er det i denne organisasjonen, seier Katrine.
  – Men du har ikkje erfaring med TBM?
  – Nei, men kontrollingeniør Kristine Hausberg Kjeilen hadde tilsvarande jobb på Røssågå kraftanlegg i Nordland. Akkurat no er det forresten ho som har mors-permisjon, men ho kjem att. 
  Prosjektet har elles nytt Basler og Hofmann sin TBM- kompetanse gjennom Norconsult. I tillegg har Leon Eide, assisterande byggeleiar på tunnel, nylig skrive masteroppgåve om TBM ved NTNU.
  – Gråsteinsgnagaren verkar tannlaus. Kuttarane ser heller ut som flygande tallerknar i miniatyr. Kva skjer?

Problem vil dukka opp, og dei skal taklast.

  – Legg merke til den tynne skiva i midten av kvar kuttar. Byggeleiar Helge Tjelmeland samanliknar dei med 62 roterande pizzaknivar som trykker med stor kraft mot fjellet, i kvar sin bane rundt sentrum av boreprofilet på 9,33 meter.
  – Og slikt blir det mask av?
  – Det aller meste blir grus og støv, dei største bitane blir på storleik med ei fyrstikkøskje.
  – Som maskinen gaflar i seg?
  – Eg ville heller sagt skei enn gaffel. Rundt ytterkanten av borehovudet er det åtte raudmåla «skeier» som ausar opp dei knuste massane og fører dei til eit transportband bak sentrum av borehovudet, forklarer prosjektleiaren.
  Transportbandet er «tarmen» i steinslukaren. Det går gjennom den 152 meter lange kroppen, og blir påskøytt nye seksjonar etter kvart som hovudet arbeider seg inn-over i fjellet. Til slutt er bandet 7,8 km langt. All masse blir lasta på bil i Arna. Noko går til Arna jordsortering, men det meste til steinknuseverket på Gaupås. I utgangspunktet er det problemavfall, men det blir pønska på nyttig bruk. Dekking av ureina sjøbotn har vore nemnt.

I forkant: Katrine ­Sælensminde Erstad liker å vera i forkant. Her står hun innunder buken på den 152 meter lange tunnelbore­maskinen som er på veg frå Arna til Fløen i Bergen. Foto: Arne Hofseth

– Eg synest det ville vore fint om massane kunne nyttast, at dei blir sett på som ein ressurs. Det er stein, og det er reint, seier Katrine Sælensminde Erstad.
  Ho har ansvar for kostnadskontroll, framdrift og tryggleik for tunnelboringa og planering av «golvet» opp til underkant av spor. Når dei er komne gjennom til Fløen på Bergen-sida, tek dei fatt på opprustinga av den parallelle, 50 år gamle tunnelen. 
  Katrine og medarbeidarane hennar er ein del av den store prosjektorganisasjonen for ei rekke entreprisar under byfjellet Ulriken og stasjonsområda på begge sider – Bergen og Arna. Til saman har prosjektsjef Hans Egil Larsen om lag 40 personar med seg.
  Katrine Sælensminde Erstad er utdanna som bygningsingeniør ved Høgskolen i Bergen. I løpet av dei ni siste åra har ho gjennomført studiar ved NTNU i kombinasjon med praktisk arbeid, først i Statens vegvesen, no i Jernbaneverket. Ho byrja karrieren i Vegvesenet som kontrollingeniør i tunnelen under Trollhaugen på E39, og avslutta som byggeleiar i Eikåstunnelen. Etterutdanninga ved NTNU har omfatta ingeniørgeologi, fjellsikring, byggeleiarskulen og prosjektleiing. Utdanningsløpet er fullført, og masteroppgåva skal leverast i februar, litt hefta av ein barnefødsel.
  Til no, og fram til 2021, er det tunnelar det går i – på arbeid. I fritida trivst ho på utsida av fjellet, helst over tregrensa. Ho held seg i form med fjellturar i dei sju fjell og på Hardangervidda – og fjellklatring saman med vener frå Sotra. Til det siste høyrer trening i innandørs klatreveggar.

Santa Barbara. Skanska og austerikske Strabag har teke på seg jobben som joint venture. Blant dei utanlandske arbeidarane er det mange katolikkar. Difor vart det engasjert ein katolsk prest til å velsigna arbeidet og arbeidarane på tradisjonelt vis. Det høvde godt å starta boringa og feira helgenen 4. desember, sjølve festdagen for den heilage Santa Barbara, skytshelgenen for bergverksarbeidarar, artilleristar, geologar og arkitektar. Ein treskurd av helgenen er plassert i monter i tunnelen, eit flott stykke treskjerararbeid.

 

FAKTA

Katrine Sælensminde Erstad, 32 år

Stilling:
Prosjektleiar underbygning i nye Ulrikstunnelen og opprusting av den gamle

Arbeidsstad:
Arna og Bergen

3 kjappe


Er TBM framtidsløysinga? – Ikkje for korte tunnelar. Denne er lang og bynær, men fjellet er hardt. Eg er litt spent på korleis det vil høyrest for folk på Fløen. Det er i alle fall betre enn sprenging.

Kvifor Jernbaneverket? - Fordi arbeidet er meiningsfylt. Det gir meining å bygga jernbane, spesielt her. Ulrikstunnelen er overbelasta.

Er mykje annleis frå Vegvesenet? - Sportilgang var eit ukjent omgrep der. I Jernbaneverket må du heile tida sikra at toga ikkje vert hindra. Ein eigen sporkoordinator i staben tek seg av dette.