Jernbanemagasinet banner
Gjesten

Lidenskap og fornuft

«For at ei ny organisering av jernbanen skal bli ein suksess, må vi ta med oss lidenskapen og kjærleiken til jernbanen,» skriv statssekretær John-Ragnar Aarset i denne artikkelen.

 


Gjesten: John-Ragnar Aarset (H),
statssekretær i Samferdselsdepartementet.


Jernbanen
 har mange tilhengjarar. Han har historikarar, som kjenner historia om korleis jernbanen vart bygd ut her i landet, om korleis landsdelar vart bygd saman og nye bygdebyar voks fram. Han har entusiastar som kjenner lokomotiv- og vogntypar, personar som talar om toget som ein tenåring som har møtt sitt livs kjærleik. Og han har lojale reisande. Jernbanen har bygd landet. Jernbanen er kultur. Tusenvis av personar har jernbanen som arbeidsplass, alt frå nyutdanna økonomar frå BI, erfarne folk frå offentleg og privat verksemd, konduktørar og servicefolk som møter dei reisande, og arbeidsfolk i gule jakker og blå hjelmar som held jernbanen i stand.

Jernbanen har måtta tole mykje juling i mange år. «Signalfeil på Skøyen» var lenge snarare regelen enn unntaket i ei nyheitsmelding. Det same galdt «Forseinkingar på Østfoldbanen » og «Buss mellom Ål og Voss på Bergensbanen». I seinare tid har det vore fleire jubileum for ulike jernbanestrekningar. Mange av banane er både 100 og 150 år gamle. Dei siste tiåra har vekslande regjeringar late dei gamle banane forfalle. Vedlikehaldet har vore eit gløymt kapittel altfor lenge, sjølv om ein og annan strekning har opplevd ei ansiktsløfting. Likevel har mange av jernbanen sine kundar vore lojale. Sett litt på spissen har delar av jernbanen overlevd på luft og kjærleik, meir enn på vedlikehald og nye utbyggingar. Ja, eg overdriv. Men faktum er at jernbanen har eit stort vedlikehaldsetterslep. Mange av dei 100 år gamle strekningane ligg der dei låg da dei vart bygd, og delar av signalanlegget kunne gjerne vore flytta til Jernbanemuseet.

« Vi skal gå gjennom Jernbaneverket og NSB,
for å finne ein betre struktur og ei betre arbeidsdeling.»

Når vi frå Høgre og FrP har teke plass i regjeringskontora, skjer det i ei tid der jernbanen står i stigande kurs. Eit gryande folkekrav har gitt jernbanen eit løft i budsjetta. Dei fleste ser at folkeveksten i dei store byane krev tung satsing på jernbane og kollektiv, både for å handtere trafikkveksten og for å spreie folkeveksten ut av sentrumsområda. Auka vedlikehald må bidra til at langdistansestrekningane kan ha stabil drift og syte for at både gods og personar kan vere trygge på å kome fram. Våre raudgrøne politiske forgjengarar skal ha skryt for å ha auka budsjetta både til veg og jernbane. Det er lagt eit godt grunnlag. Men jernbanen skrik etter politisk nytenking. Det arbeidet startar nå.

Dei overordna måla våre er kjente. Vi skal overoppfylle Nasjonal transportplan, og jernbanesektoren skal reformerast. Vi skal gå gjennom Jernbaneverket og NSB for å finne ein betre struktur og ei betre arbeidsdeling. I desse dagar etablerer Samferdselsdepartementet ei eiga «reform-gruppe», som skal førebu arbeidet med å skipe eit eige utbyggingsselskap for vegsektoren og for å reformere jernbanesektoren. I løpet av 2014 skal vi ha kome langt med det politiske grunnarbeidet. På vegen skal aktørane i sektoren få vere med og seie meininga si.

For at ei ny organisering av jernbanen skal bli ein suksess, må vi ta med oss lidenskapen og kjærleiken til jernbanen. Jernbanen må bli ein enda meir attraktiv arbeidsplass for unge som skal velje utdanning. Det trengst mange flinke folk for å byggje framtidas jernbane. Saman med lidenskapen må vi finne fornuftige løysingar, som gjer at vi får enda meir jernbane for dei pengane vi brukar.

Eg ser fram til å jobbe saman med flinke fagfolk og lidenskapelege tilsette i jernbanesektoren om å finne fornuftige løysingar for ein moderne jernbane for framtida.