Jernbanemagasinet banner
Gjesten

Jernbanen må gjera verket sjøl

Dagen etter Stortingsvalet sto toga stille i fleire timar. I regime me ikkje liker å samanlikna oss med, ville det ha blitt tolka som ei politisk markering. Hos oss er det bare eit uttrykk for at alt er som før.

I baksetet. Det er dobbelt å vera statsråd i eit departement med ansvar for saker som eins eige parti og eins eigne veljarar er spesielt opptatt av. På den eine sida har statsråden mulighet til å markera vilje og heisa faner og ta æra for det som går godt. På den andre sida får ho også ansvaret for det som ikkje går, sjøl om det jo alltid er Finansdepartementet som har siste ord. Det er lett å møta seg sjøl i døra. Få har gjort det grundigare enn Sigbjørn Johnsen. Då han var Fylkesmann i Hedmark, skreiv han ein kronikk saman med Matz Sandman der dei kom med mange forslag til kordan det kunne bli veg i transportvellinga. Den er det mange som har hatt vondskapsfull glede av å bruka mot han og snakka om handlingslamming etter at han kræsja i handlingsregelen.

Det er eit hardt liv å vera statsråd. Dei må henga i stroppen heile tida for å vera i rute. Noen oppdagar ikkje at det er over før dei har sett seg inn i baksetet i sin eigen bil og oppdagar at den ikkje kjører.

Skugganes dal
Erna Solberg og hennar politisk allierte sonderte på Radisson Blu i Nydalen i Oslo. Dei reiste i svarte bilar, sjøl om det går T-bane dit. Det går også tog til Nydalen stasjon på den trauste Nordbanen som blei omdøypt til Gjøvikbanen og hamna i skugganes dal då den mista tre side- linjer og persontoga mellom Oslo og Bergen tok vegen om Drammen. Partia i og omkring den nye regjeringa har gitt ulike signal om kva dei vil satsa på i samferdselspolitikken. Dei snakkar varmt om jernbane, særlig om mellomby-tog i sentrale strøk. Men noen vil ha mest veg og riva bommane, mens andre er gladast i trikk og bybane. Høgfartstog er framleis i det blå. Me må stadig venta på toget.

Knutepunkt
Eg er fødd og oppvaksen på ein stasjon mellom to lange tunellar i dalstrøka innafor Kysten Lindesnes Åna-Sira. Der møtte alle fram for å venta på toget. Ikkje fordi me skulle reisa eller henta noen; me skulle møta kvarandre. Derfor var det bare ein fordel når toget var forsinka. På min stasjon trudde dei at jernbanen skulle bli eit knutepunkt og ein stadskapar, slik det hadde vore før for mang ein stasjonsby. Derfor bygde dei hus med høg sokkeletasje for butikkar og kafear. Nå skulle utviklinga koma. Men slik gjekk det ikkje. For det første fordi Sørlandsbanen går på tvers av dalane og langt inne i landet der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og det gjer dei heller ikkje. For det andre fordi jernbanen kom for seint til å bli ein viktig samfunnsformar. Det blei eit kort intermesso før privatbilane tok over. Etter få år såg staden ut som ein spøkelsesby i amerikanske westernfilmar. Nå er stasjonen nedlagt og toget stoppar bare på bestilling, mot ekstra betaling.

Dobbelspor
Folk treng tog, og tog treng folk. Derfor må ein bygga jernbane der folk bur, eller der ein kan planlegga for at mobile menneske skal busetta seg. Trafikk- og arealplanlegging må vera eit dobbelspor, henga saman, vera overordna og samordna. Det må samhandlast om samferdsel. Då kan ein også ta igjen forsinkelsar. Men ein kan heller ikkje sjå bort frå at noen gonger må samtida tvingast i framtidas interesse. Før tidsvinduet blir lukka. Før endå fleire folk bygger og bur der ingen tog kan gå eller stoppa.

Grå kattar
Deng Xiaoping var den kinesiske kommunistleiaren som kom etter Mao og sa at det var det same kva farge det er på katten, bare den fangar mus. Det kan vera eit passande motto for jernbanens framtid når det blir lovt nye idear og betre løysingar, mellom dei meir anbod. For oss reisande er det å håpa at det blir meir enn store ord, som desse: «Med kunden i sentrum skal NSB Gjøvikbanen AS tilby sikker, realistisk og nyskapende persontransport med tog mellom Oslo og Gjøvik, med høy forutsigbarhet og effektiv drift. Vi legger vår ære i å få kundene frem».

Men det er ingen grunn til å tru at det kjem til å gå på skinner, for skinnene er jo dei same gamle. Det er ikkje bare å ta plass, lukka dørene og lena seg tilbake. For det kjem til å koma mange kryssande innsigelsar og bommar som kan føra jernbanen inn på sidespor og blindspor. Derfor gjeld det å skapa ein prosess som er så tung og tvingande at den overstig den kritiske massen. Og jernbanen må sjøl driva verket framover.