Miljørapport 2010

Visste du at Jernbaneverket kjøper inn dei mest miljøvenlege skjenene og sporveklsane i Europa?

I 2010 inngjekk Jernbaneverket ny rammeavtale for skjener og sporveklsar. Miljøpåverknaden av produksjonsprosessen blei vekta 20 prosent i fordelinga om kvem som skulle få tildelt kontrakt. For begge innkjøpa vart det sett fokus på m.a. produksjonsområde og energiforbruk i produksjon, transport til kunde og del resirkulert materiale i produktet.


Leverandørane med lågast miljøbelasting fekk kontraktane. Dei var også best på pris og andre vilkår, noko som underbyggjar at god styring av prosess, også gir andre innsparingar.


Jernbaneverkt si forsyningsavdeling viser med dette sitt arbeid for å auke kunnskap og vilje til miljøvenleg innkjøp. Sjølv om ikkje miljø alltid er den utslagsgjevande faktor for val av leverandør, vil ein innkjøpsprosess med vekt på miljøevaluering vera med å påverke leverandørane sin måte å tenkje på. Over tid vil dette vere med på å gjere Jernbaneverket sine leverandørar meir miljøvenlege i sine produksjonsprosessar totalt sett.


Les meir om dette og andre tema i Jernbaneverket sin miljørapport for 2010.