Miljørapport 2009

Miljørapport 2009 omtalar miljøarbeidet i Jernbaneverket og måloppnåing i 2009, og inneheld i tillegg nøkkeltal frå togselskapa. Trendar for 2009 er mellom anna ei positiv utvikling når det gjeld talet på lokalitetar med forureina grunn (redusert), men ei negativ utvikling for energiforbruk til drift og vedlikehald.

Miljørapporten syner korleis Jernbaneverket arbeider målretta for å få oversikt over og redusere miljøpåverknad.

Positiv utvikling
  • Talet på lokalitetar med forureina grunn vart redusert grunna tiltak
  • Svak reduksjon i talet på dyr påkøyrde av tog
  • 97 prosent av avfall vart kjeldesortert (rapporterte tal er usikre)
Negativ utvikling
  • Fleire utslepp (høgaste talet sidan registrering i Synergi starta)
  • Energiforbruket til drift og vedlikehald auka med 7,2 prosent samanlikna med 2008
  • Auking i bruk av ugrasmiddel
  • Færre ryddige stasjonar (rapporterte tal er usikre)