Miljørapport 2008

Miljørapport 2008 viser status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Eksempel på miljøtiltak med positiv utvikling er sanering av PCB og ryddighet på stasjonar. Det som ikkje hadde ei god utvikling var påkjøyrsel av dyr.

Positiv utvikling:

  • PCB: positiv utvikling, sanering lysarmatur PCB ferdig

  • Energi: Forbruket av elektrisitet ligg nær målet, uendra status frå 2007 til 2008

  • Visuelt miljø: positiv utvikling når det gjeld talet på ryddige stasjonar, status for ryddig strekning er usikker pga mangelfulle rapporteringsrutinar

  • Avfall: målesystem lagt om, mål oppnådd

  • Vegetasjonskontroll: Forbruk av ugrasmiddelet Roundup auka i 2008, medan forbruk av ugrasmiddelet Finale vart redusert. Dette er ei positiv utvikling då Finale skal fasast ut

  • Kulturminne og – miljø: Framdrifta i arbeidet med implementering av nasjonal verneplan for kulturminne i jernbanen er tilfredsstillande

  • Grunnforureining: arbeid med tiltak er igangsett, men framdrifta går sakte

 

Negativ utvikling:

  • Påkøyrsel av dyr: negativ utvikling, mål ikkje nådd

  • Støy: negativ utvikling

Fleire detaljar kan du lese i rapporten oppe til høgre.