Miljørapport 2006

I Miljørapport 2006 vert status for miljøarbeidet i Jernbaneverket presentert. Her kan du mellom anna lese om det nye nordiske systemet for energimåling i tog, som medfører at togselskapa kan spare mykje energi. Eit særleg positivt utviklingstrekk i miljøarbeidet er at frå 1999 til 2006 vart støyplaga frå jernbane redusert med 33 prosent.


 
Førebels viser tal for Jernbaneverket sitt el-forbruk ein auke frå 2005 til 2006. Antal dyr påkøyrde i 2006 var 1484 dyr mot 1292 året før. Det er gjennomført supplerande tiltaksretta grunnundersøking for det nedlagte impregneringsverket Nygården i Hommelvik ved Trondheim som viser at området er sterkt forureina.


I 2006 har det blitt arbeida med nye utredninger innen tema som t.d biodiesel og NOx- avgift. I tillegg har ei tverretatleg arbeidsgruppe samarbeida om miljøinnspel til Nasjonal transportplan 2010-2019. Jernbaneverket sin miljørapport 2006 skildrar i tillegg statistikk og tiltak innan avfallshandtering, uønska hendingar, bruk av kjemikaliar, vegetasjonskontroll, kulturminne- og kulturmiljø samt visuelt miljø. Lenke til elektronisk utgåve av miljørapport 2006 fins til høgre på denne sida.