Miljørapport 2004

Miljørapport 2004 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Det er i tillegg vist eksempel på samanlikning av eksterne kostnader mellom ulike transportformer.

Stikkord frå status for miljøarbeidet i Jernbaneverket 2004:

Jernbaneverket starta i 2003 eit 2-årig ENØK-prosjekt der målet er å redusere el-forbruket med 8,5 prosent i forhold til 2002 nivå innan 2005. Allereie etter første driftsår var reduksjonen på heile 15,3 prosent. Det er i 2004 gjennomført energiøkonomiseringstiltak i tilknytning til m.a sporvekselvarme og utskifting av lysarmatur.

Jernbaneverket gjennomførte i 2004 støyreduserande tiltak for dei resterande tiltakspliktige bustader ved jernbanen for å oppfylle krav til grenseverdi for innandørs støy. Ved årsskiftet var tiltaka ferdig på alle tiltakspliktige bustader unntatt 28 bustader langs Bergensbanen. Tiltak på desse bustadane skal etter planen fullførast sommaren 2005.

Jernbaneverket har for alle større utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt innarbeida miljøoppfølgingsprogram. I 2004 har det vore aktivitet ved følgjande utbyggingsprosjekt som har miljøoppfølgingsprogram for anleggsfasen: nytt dobbelspor Sandvika-Asker og GSMR-prosjektet.

Jernbaneverket har i 2004 arbeidd vidare med forslag til nasjonal verneplan for kulturminner i tilknytning til jernbaneverksemda. I 2004 vart det gjennomført ei offentleg høyring av forslaget til verneplan.

Det er rapportert om 1661 dyr påkjørt av tog i 2004.