Miljørapport 2003

Bodskapen i Jernbaneverket sin miljørapport for 2003 er at jernbanetransport er det beste miljøalternativet. Miljørapport 2003 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket.


Stikkord frå profileringsdelen i miljørapporten:

Derfor er jernbanetransport det beste miljøalternativet

Jernbanetransport har miljømessige føremoner samanlikna med andre transportmiddel, særleg på grunn av lite luftforureining og støy. Jernbanetransport kjem også godt ut når det gjeld energiforbruk. Satsing på jernbane og annan kollektivtransport gir dei reisande eit transportalternativ som er mindre miljøskadeleg, og medverkar dermed til å redusere dei negative miljøverknadane frå transportsektoren.

Jernbaneverket sitt arbeid med profilutvidingar på Bergensbanen vart ferdigstilte i oktober 2003. Dette har medverka til at godstrafikken på Bergensbanen auka med heile 13 prosent i perioden oktober –desember 2003 samanlikna med samme periode i 2002. Ei samanlikning av energiforbruk og utslepp av CO2 , SO2 , NOx , ved transport av gods mellom Oslo-Bergen på høvesvis bil og tog viser at energiforbruket er nesten 4 gonger høgare ved godstransport på vei enn ved godstransport på bane. Profilutvidinga har dermed resultert i ein vesentleg miljøgevinst.

Stikkord frå status for miljøarbeidet i Jernbaneverket 2003:


Jernbaneverket starta i 2003 eit 2-årig ENØK-prosjekt der målet er å redusera el-forbruket med 8,5 prosent i forhold til 2002 nivå innan 2005. Det er i løpet av året gjennomført energiøkonomiseringstiltak i tilknytning til m.a sporvekselvarme og utskifting av lysarmatur. Jernbaneverket gjennomførte i 2003 akustisk skinnesliping langs fleire tettbygde strekningar, og andre støyskjermingstiltak. Etter planen skal støyreduserande tiltak for dei resterande tiltakspliktige bustader ved jernbanen gjennomførast i 2004 slik at krava i støyforskrifta er oppfylt innan fristen 01.01.05.

Jernbaneverket har for alle større utbyggings- og vedlikeholdsprosjekter innarbeida miljøoppfølgingsprogram. I 2003 har det vore aktivitet ved følgjande utbyggingsprosjekt som har miljøoppfølgingsprogram for anleggsfasen: Sandvika-Asker og Fjellhamar stasjon.

Miljøoppfølgingsprogram for GSMR-prosjektet vart utarbeida i 2003.

Jernbaneverket har i 2003 arbeidd vidare med forslag til nasjonal verneplan for kulturminner i tilknytning til jernbaneverksemda. Forslag til verneplan vart sendt på høyring i mars 2004. Det er rapportert om 1810 dyr påkjørt av tog i 2003.