Miljørapport 2002

Jernbaneverket har for sjette år på rad utarbeida miljørapport for verksemda. Miljørapport 2002 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket.

Bakgrunn


Jernbanetransport har miljømessige føremoner samanlikna med andre transportmiddel, særleg på grunn av lite luftforureining og støy. Satsing på jernbane og annan kollektivtransport gir dei reisande eit transportalternativ som er mindre miljøskadeleg, og medverkar dermed til å redusera dei negative miljøverknadane frå transportsektoren. Jernbaneverket ser det som viktig å styrka jernbanen sine miljøføremoner. Som ledd i dette pågår det arbeid med å kontrollera og redusera jernbanen sin totale miljøpåverknad m.a når det gjeld støy og inngrep i natur- og kulturmiljø.  

Stikkord frå Miljørapport 2002

 
Jernbaneverket har i 2002 deltatt i det tverretatlege arbeidet med grunnlagsmaterialet for Nasjonal transportplan 2006-2015. Som ledd i dette er det utarbeida følgjande forslag til miljøvisjon for transportetatane: "Transport skal ikkje gje alvorleg skade på menneske eller miljø." Jernbaneverket har for alle større utbyggings- og vedlikeholdsprosjekt innarbeidd miljøoppfølgingsprogram. I 2002 har det vore aktivitet ved følgjande utbyggingsprosjekt som har miljøoppfølgingsprogram for anleggsfasen: 3 prosjekt Sandvika-Asker, Fjellhamar stasjon, Sande parsell 3 og 4.

Antal bustadeiningar ved jernbanen med gjennomsnittleg støynivå over 42 dB(A) er vesentleg redusert i 2002 samanlikna med 2001. Årsaka til reduksjonen er m.a skinnesliping og tiltak på bustader. Ein annan årsak er at meir nøyaktige støyutrekningar har vist at antalet bustader med støynivå over grenseverdien var færre enn ein først trudde.

Utarbeiding av ein nasjonal verneplan for kulturminne i tilknytning til jernbaneverksemda haldt fram i 2002.

Det er gjennomført energiøkonomiseringstiltak i tilknytning til m.a sporvekselvarme og omformarstasjonar i 2002. Eit ENØK-prosjekt knytta til kjørestraum starta opp i 2002. På oppdrag frå Jernbaneverket er det i 2002 utført risikovurdering og forslag til retningslinjer for gjenbruk/deponering av "ballastavfall" (massar som oppstår ved rensing av ballastpukk).

Det er rapportert om 1659 dyr påkjørt av tog i 2002.