Påkøyrsel av dyr

Jernbanen strekkjer seg gjennom område med rikt dyreliv. Kvart år vert mange dyr desverre påkøyrde av tog. Påkøyrsel av dyr har mange negative konsekvensar. Dei fører til mellom anna lidingar for dyra, og dei utgjer eit arbeidsmiljøproblem for lokførarar. Påkøyrsel av tamrein og husdyr medfører i tillegg tap for dei som eig dyra. Arbeid for å førebyggje påkøyrsel av dyr på jernbanen er difor svært viktig. Jernbaneverket jobbar aktivt, og ofte i samarbeid med lokale aktørar, for å redusere omfanget av dyr påkøyrde av tog.

 

Kvifor blir dyr påkøyrde?

Der jernbanen går gjennom leveområde, beiteområde og trekkområde for dyr er det sannsynleg at dyr blir påkøyrde av tog. Elg, sau, rådyr og reinsdyr (tamrein) toppar statistikken over dyr som vert påkøyrde av tog.

Faktorar som påverkar frekvensen av påkøyrslar av elg er hovudsakleg tilgang på mat, trekkvegar, snømengde, temperatur, tid på døgnet, togtype og farten til toget. Når det er mykje snø er det ikkje uvanleg at elg går inn på brøyta togspor for å omgå snøhindringar eller for å finne mat (vegetasjon i kanten av togsporet). Aukinga i talet på elgpåkøyrslar har truleg også samanheng med at elgstamma har auka.

Spor visar tydeleg korleis dyr leiter etter mat i kanten av toglinja. Foto: Jernbaneverket

Alle påkøyrslane av tamrein skjer på Nordlandsbanen. Her går jernbanelinja i mange tilfelle mellom tamreinen sitt sommarbeite og vinterbeite. Når tamreinflokkane skal flyttast vår og haust er det særleg krevjande å unngå at tamrein blir påkøyrde på jernbanen.


 

Kva gjer vi?

Handlingsplan mot påkøyring av dyr

Jernbaneverket (JBV) har vedteke revidert handlingsplan mot påkøyring av dyr med tog. Denne handlingsplanen omhandler JBVs tiltak og planlagte tiltak for å redusera påkøyring av elg, tamrein og sau i perioden 2014 – 2017. Handlingsplanen er utarbeid som eit resultat av høyringsrunden og siste års erfaringar frå arbeidet med forebygging av dyrepåkøyrsler, og erstatter handlingsplanen for 2012 – 2017.

Planen omfattar aktuelle tiltak på dei mest utsette banestrekningane og opprettholder målet om å redusere antall påkjørte dyr til maks 1400 dyr pr. år. Handlingsplanen er førande for prioritering av midler i Handlingsprogrammet for perioden 2014 – 2023, første periode 2014 – 2017.
 

Eksempler på tiltak i Handlingsplanen

Handlingsplanen inneheld ein gjennomgang av kva slags tiltak som er mest aktuelle for artane elg, reinsdyr og sau. 

For elg har vegetasjonsrydding best dokumentert effekt. Jernbaneverket har brukt dette verkemiddelet i fleire år allereie, og det er aktuelt som hovedtiltak mot elgpåkøyrslar også framover. Forsking viser at når tiltaket er gjennomført med god behandling av etterveksten, kan talet på påkøyrde elg reduserast med 50 - 60 %.

Skissa illustrerer korleis elg i eit rydda område vil krysse rett over linja i staden for å gå i sporet for å leita etter mat. 

Dei siste årene har Jernbaneverket bidratt økonomisk til bruk av helikopter ved samling og flytting av tamrein mellom sommar og vinterbeiteområder på Nordlandsbanen. Dette ser ut til å ha positiv effekt. 

Jernbaneverket vil halde fram med å vurdere forslag til tiltak, og aktuelle løysingar i samarbeid med fagmiljø både nasjonalt og internasjonalt.