Biologisk mangfald

Jernbaneverket arbeider kontinuerleg med å handtere konfliktar mellom jernbane og biologisk mangfald. Det vert arbeidd førebyggjande ved å inkludere miljøomsyn i utgreiings-, plan- og byggjeprosessar, og utøvande ved til dømes å ta omsyn til lokalitetar med verdfull natur, oppfølging av vassforskrifta og kamp mot framande, skadelege artar. Jernbanen kan også bidra positivt til det biologiske mangfaldet. I sideterrenget kan ein av og til finne ein overraskande artsrikdom.

Korleis påvirkar jernbane det biologiske mangfaldet?

Arealendring

I Norge er arealendring den klart viktigaste negative påvirkningsfaktoren for truga og nær truga artar. Arealendringar er også den klart største påvirkningsfaktoren for naturtypar, både når det gjeld areal og tilstand.

Jernbane er ein arealeffektiv transportform. Til dømes kan ein dobbeltspora bane transportere like mange personar som to til tre firefelts motorvegar. Jernbane er arealeffektivt. Foto: JernbaneverketDette tilseier at leveområde kan bli sparte dersom det satsast på jernbane som transportform, men også ved utbygging av jernbaneinfrastruktur vil det vere ei utfordring å dempe verknadane på det biologiske mangfaldet.

Jernbane påverkar dyr og planteliv mellom anna ved at landskapet blir delt opp i mindre delar. Denne oppdelinga medfører at dyr og planter mistar leveområde, at deira livsmiljø blir forureina eller forstyrra og at vandringsvegar for dyr blir sperra.

Påverknad frå bygging, drift og vedlikehald

Samanhengen mellom artar og deira leveområde er viktig. Utbygging og drift av jernbane kan påverke dyr og planter sine leveområde både negativt og positivt.

Byggjeaktivitet kan påverke dyr og deira habitat negativt som følgje av bl.a. midlertidige eller permanent landskapendringar, potensiell forureining under bygging, og forstyrring frå lyd og lys.

I vedlikehald kan bl.a. bruk av plantevernmidla til vegetasjonskontroll i spor og sideterreng [link til side om vegetasjonskontroll] føre til potensielle konflikter med truede artar og naturmiljø. I tillegg kan togtrafikken i seg sjølv ha ein påverknad på det lokale dyre- og plantelivet, pga. barrierevirkninger, fare for akutt forureining og forstyrring frå togstøy. Dyrepåkjørsler som følgje av barrierervirkninger er også ei utfordring men vil ikkje ansjåast som eit problem for det biologiske mangfaldet med mindre det er ein truga art som blir ramma. Dyrepåkjørsler er dog sjølvklart ei utfordring i forbindelse med dyrevelferd og arbeidsmiljø.

Jernbanen kan også ha ein positiv verknad på biologisk mangfald. I sideterrenget til jernbanelinjene finn ein av og til ein overraskande artsrikdom, spesielt i tørre enger og sørvendte skjæringar og fyllingar. Av og til gjev utforminga av jernbaneanlegg dei riktige økologiske faktorane som skal til for å oppretthalde eller til og med skape nye verdifulle leveområde for truga artar. Eit døme på ein slik art er bakkekløver, som er ein av dei sjeldnaste artane i Noreg. Han veks berre på Hovedøya i Oslofjorden og på Eidanger jernbanestasjon ved enden av Vestfoldbanen. Dragehovud er ein annan truga planteart som Noreg har eit nordisk ansvar for å ta vare på. Dragehovud er kjent frå fire jernbanelokalitetar på Austlandet.

 Bakkekløver rundt Eidanger stasjon. Foto: Anders Thyllén/Jernbaneverket


 

Kva gjer vi?

Det arbeidas førebyggande ved å inkludere omsyn til naturmangfald i utrednings-, plan- og byggeprosesser, og utøvande ved til for eksempel å ta omsyn til lokaliteter med verdifull natur, oppfølging av vannforskriften og kamp mot fremmande, skadelige artar.

 

Omsyn til biologisk mangfald i utbygging og vedlikehald

I utbyggingsfasen blir det lagt vekt på planlegging og tilpassing, samt val av løysingar i forhold til m.a verneområde, naturtypar, artar og økologiske samanhengar på land og i vatn. Slike omsyn må også ivaretakast ved anleggsaktivitet. Bruk av miljøprogram og miljøoppfølgingsplan står sentralt her. For alle utbyggingsprosjekt og vedlikehaldsprosjekt som kan føra til negative miljøpåverknader skal det utarbeidast miljøoppfølgingsplan som skal nyttast i prosjekterings- og anleggsfase. Jernbaneverket har utarbeida retningsliner til miljøoppfølgingsplan for byggje- og anleggsperioden. Livsgrunnlag for flora og fauna er eit aktuelt tema som skal vurderast i miljøprogrammet og tilhørende miljøoppfølgingsplan.

 

Betre kartlegging av konfliktar mellom jernbanen og biologisk mangfald

For å lukkast med å ta omsyn til biologisk mangfald i både utbygging og drift av jernbanen er Jernbaneverket avhengig av at det biologiske mangfaldet er godt kartlagt. Jernbaneverket deltek mellom anna i nasjonalt program for  kartlegging og overvaking av biologisk mangfald.

Jernbaneverket har dei siste åra jobba systematisk med å kartleggje potensielle konfliktar mellom eksisterande jernbane og biologisk mangfald.  Lokalitetar som kan være i konflikt med jernbanen er verna områder, nasjonalt prioriterte artar og naturtypar, steder med hindre for fisk, og verdifulle naturområder med høgt biologisk mangfald, truga artar og sjeldne vegetasjonstypar. Vanleg årsak til konflikt er bruk av kjemiske plantevernmiddel i sideterrenget.

Det viktigaste tiltaket for å redusere talet på konfliktar er å auke viten om lokalitetane internt i Jernbaneverket, slik at dei vert tatt omsyn til. I 2012 har Jernbaneverket lagt inn alle kartlagte verdifulle naturområder langs sporet inn i det interne informasjonssystemet BaneData. Dette gjør det lettere å få tak i denne viktige informasjonen i forbindelse med planlegging, utbygging, drift og vedlikehold av jernbanenettet. Naturmangfoldloven setter krav at kunnskap om naturmangfold skal inn helt fra starten av enhver sak/aktivitet som berører natur, uansett om det er mye eller lite natur som berøres. I tillegg er arbeidet i gang med å få inn miljødata inn i Jernbaneverkets Web-kart.

Tilpassing av vegetasjonsskjøtsel

Om lag 80 prosent av kartlagde verdfulle lokalitetar vil bli negativt påverka av kjemiske plantevernmiddel i sideterrenget. Tilpassing av vegetasjonskontroll for å ta omsyn til desse lokalitetane har starta opp, men har enno ikkje blitt sett i verk i heile Jernbaneverket. Eit eksempel på tilpassa skjøtselstiltak er brenning langs jernbanelina for å betre tilhøva for den truga fuglearten hortulan. Andre skjøtselstiltak kan lesas meir om i artikkelen om vegetasjonskontroll.

Kartlegging av prioriterte artar for økt omsyn

Regjeringa vedtok 20. mai 2011 dei åtte fyrste forskriftene om prioriterte artar etter naturmangfaldslova. Ein prioritert art set forbod mot å ta ut, skade eller øydeleggje arten.

Dei åtte artane i Noreg er fugleartane dverggås og svarthalespove, insektartane elvesandjeger, eremitt og klippeblåveng, og planteartane dragehovud, honningblom og raud skogfrue. Med unntak av eremitt, honningblom og dragehovud er det gitt reglar om ivaretaking av dei økologiske funksjonsområda til artane gjennom berekraftig bruk.Lenke til eksempel på illustrasjon av kartlegging av prioriterte arter. Figur: RedInk

Jernbaneverket gjennomført i 2011 ei kartlegging av registrerte prioriterte artar langs jernbanen. Arbeidet vart gjort parallelt med kvalitetssikring av kartlegging frå 2009 og 2010 av konfliktar mellom eksisterande jernbane og biologisk mangfald. Kartlegginga viser at Jernbaneverket har elleve områder med prioriterte artar hkor man må ta ytterligare omsyn for å verne om desse artene og operere i tråd med lovverket.

Hindre spreiing av framande, skadelege artar

Spreiing av framande, skadelege artar er ein spesiell trussel mot det biologiske mangfaldet jf. «Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot framande, skadelege artar». Jernbaneverket har oversikt over framande, skadelege artar på dei fleste banane.

Foreløpig har Jernbaneverket prioritert kampen mot  artane kjempespringfrø, kjempebjørnekjeks (tromsøpalme), kjempespringfrø og slirekne. Desse artane er i kategori høg risiko på norsk svarteliste.

Tiltaka prioriterast der det er samarbeid med andre grunneigarar, til dømes kommunar. Jernbaneverket eig nemlig oftast smale parsellar av terreng, slik at kampen  blir mest effektiv der også nabo-grunneigarar gjer tiltak slik at frø ikkje sprer seg. Jernbaneverket deltek også i regionale samarbeid om fylkesvise handlingsplanar mot framande skadelege artar.

Oppfølging av forskrift om rammar for vassforvaltning

I Jernbaneverket deltek  i arbeidet med oppfølging av forskrift om rammer for vassforvaltninga. Jernbaneverket har 14 000 stikkrenner og det er hittil berre funne fem vandringshinder for fisk.  Der det er vandringshinder, er det ofte enkle tiltak som skal til for å endre situasjonen, til dømes reinsking av grinder framføre stikkrenner.

 Stikkrenne for fisk. Foto: Jernbaneverket