Sonen av Noreg

Verdas vakraste. Vårt nasjonale storverk. Opphavet til påskekrimmen. Skaparen av øvre Hallingdal. Bergensbanen har fått mange strålande komplimentar. Men kva meiner eigentleg jubilanten sjølv?

Som einaste publikasjon i verda har vi fått eit eksklusivt intervju med sjølve Bergensbanen. Og vi møter ein sprek hundreåring, som slett ikkje har tenkt å senke strømavtakarane.


- Far min var ein stolt vestlending, startar Bergensbanen ivrig. - «Norges Bringe» kalla Welhaven han. Ein flott fyr, steinhard, høgreist barsk og fyrig. Kanskje var han ein smule smalspora i sin ungdom, men likevel med evne til å tilpasse seg. Dessutan var han særdeles entusiastisk og begeistra. I tretti år gjorde han kur til mor mi, ei mangfelt og vakker dame frå Austlandet med mjuke kurver og venstresympatiar. Ho hadde friarar frå heile landet, og alle kjempa drusteleg om hennar gunst, men far vann. Dei vart smidde saman under ei høgtidsstund på Ustaoset hausten 1907, med dynamitt som salutt. To år seinare kom eg til verda. Fødselsdagen min er 27. november 1909. Sjølve kong Haakon VII var med på å ta imot meg.


- Kva slags skapnad er du eigentleg?
Mange nemningar har eg fått gjennom åra. Sjølv liker eg best forfattaren Nils Kjær si  skildring, sjølv om han visstnok skal ha forveksla meg med sjølve Vestlandsfanden, det var jo Kjær som introduserte han også. Får eg lov til å sitere?


- Ver så god…
Vel: «Høifjeldsbanen er vort nationale storværk, dobbelt stolt, fordi det er udført av en saa faamændt nation; vi kan vise den frem som landets enestaaende seværdighed – hver bro, hver sneforbygning, hver tunnel er mærkværdigere end alle vore skuderester til hobe.»


Bergensbanen dampa og rauk fram til 1964. Etter det køyrde alle lokomotiva på straum.- Litteratar og andre kunstnarar har openbert hatt ein særleg godhug for deg?  
Ingen tvil om det. Visste du forresten at det var takka vere meg at den særnorske skikken med påskekrim oppstod? Dessutan handla den første norske, internasjonalt kjende, stumfilmen om meg, og for ikkje lenge sidan kom ein ny spelefilm som viste kor utruleg vanskeleg det var for ein pensjonert lokførar å klare seg utan meg.

Musikkstykke har blitt komponerte til mi ære, for ikkje å snakke om høyrespel og bøker. La meg spørje: Kor mange har eigentleg fått ein heil romantrilogi skrive om seg?  Eg siktar sjølvsagt til Bjørn Rongen sine forteljingar frå femtitalet om korleis eg vart til, med dei fantastiske titlane: «Med toget over vidda», «I jøkulens skygge» og «Klart for tog».


- Ja, eg har skjønt at du verkeleg har litt av ei historie å fortelje?
Det er ikkje fritt. Eg har blant anna overlevd to verdskrigar. Da første verdskrigen byrja i 1914, fekk eg straks ein veldig trafikk av folk og gods som reiste mellom England og Russland. Det var ei slitsam tid. Alle stasjonane vart etter kvart blokkerte, og det gjekk seint med å få fram varene. Eg minnest at ei plankevogn brukte så lang tid på vegen at nokre fuglar bygde reir inne mellom plankane. Og i 1940 vart eg bomba av tyskarane ved Voss og dei allierte ved Finse. Dei tyske flya tok også mitraljøsene i bruk, såleis at stasjonspersonalet måtte springe rundt eit tre som sto der, for å halde seg i dekning. Det skjedde også ein forferdeleg togkollisjon i 1944, med fleire titals omkomne.


- Men for det aller meste har du drive med hardt arbeid?
Det er riktig, for mykje har stått på meg. I svært mange år var eg det einaste heilårssambandet på landjorda mellom dei to største byane i Noreg. Ja, når ein høyrer om storm og kolonnekøyring, er eg nok framleis den mest pålitelege, sjølv om eg må vedgå at jamvel eg slit med snøen iblant. Tenk også på kva eg betyr for stasjonsbygdene langs banen. Ved min femtiårs fødselsdag sa ein kjend hotellmann at det var Bergensbanen som hadde skapt øvre Hallingdal. Utan meg ville Finse, Haugastøl, Ustaoset og Geilo vore ukjende namn, meinte han. Sjølv om eg framleis fraktar store mengder både av gods og passasjerar over fjellet, freistar eg likevel å ta meg best mogleg ut. Kjende, internasjonale reiselivsoperatørar meiner jo at eg – i all blygskap – er blant dei aller vakraste i verda. Og sonen min – vesle Flåmsbana – rullar i far sine spor. Til saman må vi seiast å vere framifrå noregsreklame!


- Gratulerer med dei hundre, da, «BB»! Tida er inne til å nyte sitt otium! Nå kan jo bilen og flyet avlaste deg.
Slappe av? Er du vill? Nei, det har eg verkeleg ikkje høve til. No skal eg hjelpe til med å redde jorda, inkje mindre. Vi må handle straks, før klimaendringane kjem ut av menneskeleg kontroll. Og toget er eit sentralt våpen i denne kampen. Men da bør det gjerast nokre viktige grep, få på plass Ringeriksbanen for eksempel.  Altfor lite har skjedd sidan elektrifiseringa på sekstitalet, spør du meg.


- Har du din eigen hårete framtidsdraum?
Eg kan bli like banebrytande etter 2009 som eg var i 1909. Med ei reisetid på to-tre timar mellom Vestlandets hovudstad og Noregs hovudstad vil eg syte for at flytrafikken vert lagd ned og folk får gå i fjellet i fred. Tenk kva det vil seie for Noregs viktigaste byar, og i motsetnad til kva flya kan, vil eg gjere naturperlene mellom aust og vest enda meir tilgjengelege for resten av verda. Hadde ikkje dette vore noko for gamle Bergensbanen? Så kunne eg kanskje slått litt ekstra ned på farten av og til så turistane fekk nyte utsikta …